TINE SA

Arne Hjeltnes og TINE startar handverksmeieri på Voss

Del
Det føreligg planar om å etablere eit handsverksmeieri på Voss bygd på lokale mattradisjonar og den verdfulle kompetansen TINE har bygd opp på meieriet på Voss. Handverksmeieriet skal produsera ostar og meieriprodukt med ein tydeleg Vossa-profil og ha si eiga merkevare. Produksjonen av Norvegia og Vossadravle skal halda fram som før.
TINE Meieriet Voss.
TINE Meieriet Voss.

Sidan i fjor haust har TINE saman med Arne Hjeltnes arbeidd med ein plan om å etablera lokal meieriproduksjon på Voss. Saman med fagfolka på meieriet skal ein no starta arbeidet med heilt nye produkt. Dette passar godt inn i TINE si satsing på lokalt produserte meieriprodukt og vil gje bygda Voss ein endå sterkare posisjon innan matkultur.

Eit supplement i tillegg til Norvegia og Vossadravle

Det nye handverksmeieriet vil bruka dei tilsette og utstyret på TINE sitt meieri, men koma med heilt nye produkt i marknaden frå matkulturen på Voss.

- Dei tilsette på meieriet er positive. Dei syns dette er spanande og dei vil bidra med den kompetansen dei har. Dette vert eit supplement i tillegg til produksjonen av Norvegia og dravle, seier driftsleiar Paul Samnøy.

Voss er ei god merkevare

Interessa for lokalprodusert mat i Noreg har aldri vore så høg som no og den er veksande. Forbrukarane etterspør og er villige til å betala for lokale produkt som øl, kjøt, fisk, bakverk og ostar. Voss er ei bygd, kjend for matkultur og eit aktivt landbruk.

- Det er på tide at me på Voss får fram våre eigne ostar og meieriprodukt. Ost er populært og Voss er ei god merkevare i heile landet. Det merkar eg tydeleg når eg reiser rundt. Det er klart at nordmenn vil smaka på lokale meieriprodukt frå trivelege kyr som har vakse opp på Voss. Me har nokre gode idear til spanande produkt, seier Arne Hjeltnes.

Håpar på fleire lokale interessentar

- Vi syns dette er eit flott initiativ og vi ønskjer det velkomen. TINE står for mangfald og lokal matkultur er viktig for oss. Bygda Voss med sine tradisjonar er svært godt eigna. Vi håpar at fleire lokale interessentar finn dette interessant og blir med saman med oss, seier konserndirektør og vossing John Ole Skeide i TINE.

I september vil initiativtakarane invitere vossingane til å verta med som eigarar i L/L Voss Handverksmeieri.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

TINE Meieriet Voss.
TINE Meieriet Voss.
Last ned bilde

Om TINE SA

TINE SA
TINE SA
Lakkegata 23
0187 Oslo

03080http://www.tine.no

TINE SA er et næringsmiddelkonsern som foredler rene og naturlige råvarer til god og sunn mat. Morselskapet TINE SA er et samvirkeselskap som eies av melkeprodusenter som leverer melk til selskapet. På den måten skaper TINE verdier i et nært samspill mellom norsk natur, landbruk og marked.

Følg pressemeldinger fra TINE SA

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra TINE SA på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra TINE SA

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye