160 verneverdige kyrkjer får tilskot til sikring og vedlikehald
1.2.2021 13:34:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
- Det er viktig for meg å kunne sikre dei gamle kyrkjene våre. Som kulturminne står dei i ei særstilling i Noreg. Dei betyr òg mykje for folk som sentrum for livshendingar i by og bygd, seier tru- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Samla er det 70 millionar kroner som Riksantikvaren på vegner av staten del ut denne gongen. Av desse er 21 millionar kroner til tiltak som gjeld elektriske installasjonar.
Det har vore ei auka satsing på istandsetting av gamle kyrkjer. Dei siste tre budsjettåra har regjeringa til saman løyva 172 millionar kroner til sikring av kulturhistoriske kyrkjer rundt om i landet.
Klimaskall og el-anlegg
Kyrkjene har anten fått midlar til sikring av klimaskall, eller til utskifting og utbetring av el-anlegg. Med «klimaskall» meiner ein alt frå tak, takrenner og beslag, ytterveggar, vindauge og dører, som er dei delane av kyrkjene som er særleg utsette for klimapåverking.
- Kyrkjene er blant våre mest verdfulle kulturminne, både når det gjeld arkitektur, handverk og kunsthistorie. Vi veit at mange kommunar slit med vedlikehald av kyrkjene sine, og desse midlane gir mange et skikkeleg løft i arbeidet med vedlikehald og istandsetjing. Særleg viktig er det no at dei mange mellomalderkyrkjene har fått eit løft, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Om tilskotet
Tilskotet skal dekkje inntil 60 prosent av kostnaden for oppussinga. Kommunane på staden må òg bidra økonomisk. Den øvre grensa for støtte er på 900 000 kronar. Kva for kyrkjer som vert omfatta av støtta, og kva for sikringstiltak som kan gjennomførast, avgjerast mellom anna av antikvariske myndigheiter og kyrkjelege instansar i samråd.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Øyvind Aase FlugeSeniorrådgjevarRiksantikvaren - Kommunikasjonsenheten
Tel:982 02 735oyvind.aase.fluge@ra.noBilder
Dokumenter
Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Slik forstår du brannsikringsreglene i gamle hus13.10.2026 08:06:46 CEST | Pressemelding
Når et kulturminne blir ødelagt, er det borte for alltid. Nå har Riksantikvaren laget en veileder for å hjelpe eiere og forvaltere til bedre brannsikring.
Slik forstår du brannsikringsreglane i gamle hus13.10.2026 08:06:46 CEST | Pressemelding
Når eit kulturminne blir øydelagt, er det borte for alltid. No har Riksantikvaren laga ein rettleiar for å hjelpe eigarar og forvaltarar til betre brannsikring.
Nå er halvparten av Norges befolkning opptatt av kulturmiljø30.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
– Dette er en viktig og gledelig milepæl, sier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
No er halvparten av Noregs befolkning oppteken av kulturmiljø30.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
– Dette er ein viktig og gledeleg milepæl, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Nå kan du søke om tilskudd til kulturarven i 202729.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå åpner søknadsvinduet for kulturmiljø, og Riksantikvaren lyser ut tilskudd til blant annet fredede bygninger og anlegg, fartøy og verdensarv.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
