Nærings- og fiskeridepartementet

Skal få norske bedrifter ut i verda

Del
Eksportprogram for vekstbedrifter, fleire frihandelsavtalar og betre forhold for utanlandske investorar i Noreg er blant tiltaka i regjeringa sin nye eksportstrategi.
Fiskeriminister Per Sandberg og næringsminister Monica Mæland. Foto: NFD/Håkon Jacobsen
Fiskeriminister Per Sandberg og næringsminister Monica Mæland. Foto: NFD/Håkon Jacobsen

- Internasjonal handel er, og har vore viktig for Noreg. Utan handel kunne vi ikkje ha nådd dagens velstandsnivå. Vårt mål er å auke eksporten både frå eksisterande og nye næringar, seier næringsminister Monica Mæland.

Regjeringa la i dag fram Noregs første strategi for eksport og internasjonalisering. Som handelsnasjon har Noreg ein tradisjonsrik historie. Varer som tørrfisk, fiskeri, trevirke og olje har dominert og ført oss fram til det velferdssamfunnet vi har i dag.

Les strategien her.

- Norsk sjømatnæring er i dag vår nest største eksportnæring. Sjømat frå Noreg er verdskjent og ettertrakta, men havet er meir enn mat!  Også norsk leverandørindustri til fiskeri- og havbruksnæringa har gode moglegheiter. På mine reiser rundt om i verda, til dømes Kina og Iran, viser dei også stor interesse for norsk teknologi og tenester, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Noreg opplever nå auka konkurranse i våre viktigaste eksportmarknader, reduserte eksportinntekter og handelspolitiske omveltingar internasjonalt. Samstundes ser vi at fleire bedrifter er, og vil, ut i verda.

- Vi treng eit konkurransedyktig næringsliv som utviklar varer og tenester som eksportmarknadene har behov for, seier Mæland.

Strategien inneheld fleire tiltak for å styrke Noreg som handelsnasjon. Blant desse er:

  • Vidareføre regjeringa sin europapolitikk.
  • Inngå frihandelsavtalar med prioriterte land.
  • Etablere eit eksportprogram for vekstbedrifter.
  • Styrke Invest in Norway, som skal få fleire utanlandske investorar og gründerar til Noreg.
  • Styrke klyngene.
  • Marknadsføre norske grøne løysingar.
  • Profilere havnasjonen Noreg.

Fakta om norsk eksport

  • Noreg eksporterte varer og tenester for 1250 milliardar kroner i 2016 (inkl olje og gass).
  • Dei viktigaste eksportvarene er olje og gass, sjømat, metall, verkstadprodukt og kjemikaliar og kjemiske produkt. Innan tenester er utanriks sjøfart og forretnings- og forsikringstenester dei største eksportnæringane.
  • Europa er vår viktigaste handelspartnar. 68 prosent av norsk vareeksport frå fastlandet går til Europa.
  • Asia blir stadig viktigare. 18 prosent av fastlandseksporten går til asiatiske land.
  • Hordaland, Møre og Romsdal og Rogaland er dei tre største eksportfylkene.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fiskeriminister Per Sandberg og næringsminister Monica Mæland. Foto: NFD/Håkon Jacobsen
Fiskeriminister Per Sandberg og næringsminister Monica Mæland. Foto: NFD/Håkon Jacobsen
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye