Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Innerelva kraftverk i kommunane Storfjord og Kåfjord i Troms

Del
NVE gir Bekk og Strøm AS løyve til bygging av Innerelva kraftverk i Storfjord og Kåfjord kommune i Troms. Utbygginga vil kunne få konsekvensar for reindrifta i Helligskogen reinbeitedistrikt, men NVE meiner at avbøtande tiltak vil redusere konsekvensane slik at desse ikkje blir uakseptable for distriktet.

Bekk og Strøm AS har fått løyve til Innerelva kraftverk i Innerelva, som er grenseelv mellom Storfjord og Kåfjord kommune. Kraftverket vil nytta eit fall på 617 m og vil ha ein forventa produksjon på omlag 10,2 GWh. Dette svarar til straumbruken til 510 husstandar..

Utbygging vil kunne få konsekvensar for ei viktig trekklei for rein og ein hekkeplass for ein sårbar rovfuglart. Ein føresetnad for løyvet er at utbygging skjer på ein slik måte at reindriftsinteressene ikkje blir skadelidande, og på eit tidspunkt som ikkje får konsekvensar for hekkande rovfugl i nærleiken.

Ut over dette er det berre registrert biologisk mangfald av lokal verdi, og Innerelva har etter NVEs syn avgrensa landskapsverknad. NVE meiner at utbyggingsplanane er akseptable i forhold til allmenne interesser og gjev derfor løyve til bygging av Innerelva kraftverk.

Søknaden om Innerelva kraftverk var ein av 4 småkraftsøknader i Storfjord kommune som blei sendt på høyring samstundes. Dei tre andre søknadane er blitt trekte av søkjarane.

Les meir om løyvet til Innerelva kraftverk

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216
Seniorrådgjevar Steinar Pettersen, tlf. 22 95 94 03

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye