Statens vegvesen

14 firma konkurrerer om å utbetra riksveg 13

Del

Heile 14 firma ynskjer å gjera riksveg 13 mellom Kinsarvik og Kyrkjenes breiare.

Døme på vegparti mellom Kinsarvik og Kyrkjenes på riksveg 13. Foto: Statens vegvesen
Døme på vegparti mellom Kinsarvik og Kyrkjenes på riksveg 13. Foto: Statens vegvesen

– Det er svært gledeleg med god konkurranse om jobben. No skal me kontrollrekna på tilboda, og tek sikte på å signera og koma i gang så raskt som mogleg, seier byggjeleiar Ketil Bere i Statens vegvesen om oppdraget som finn stad i Ullensvang kommune i Vestland, sørvest for Hardangerbrua.

Desse ynskjer å gjera jobben

Brøderene Flatebø AS frå Etne, som har levert tilbod på 43.818.441 kroner.

Landmark Maskin AS frå Bømlo har levert tilbod på 47.869.188 kroner.

Mesta AS har levert tilbod på 48.721.884,07 kroner.

Flage Maskin AS frå Voss har levert tilbod på 48.999.979,40 kroner.

Augestad Maskin AS frå Vik i Sogn har levert tilbod på 54.089.636,72 kroner.

GBS Entreprenør frå Øystese har levert tilbod på 54.664.228,94 kroner.

Rune Holt AS frå Bagn har levert tilbod på 54.814.826 kroner

Vassbakk & Stol AS frå Karmøy har levert tilbod på 56.496.085,59 kroner.

Morgedal Entreprenør AS frå Kviteseid har levert tilbod på 59,837.709 kroner.

Aurstad Tunnel AS frå Hovdebygda har levert tilbod på 59.936.603 kroner.

Hæhre Entreprenør AS har levert tilbod på 62.463.229,60 kroner.

Hirth Himle Entreprenør frå Voss har levert tilbod på 68.295.715 kroner.

Hylland AS frå Godvik i Bergen har levert tilbod på 68.164.867 kroner.

JR Anlegg AS frå Oslo har levert tilbod på 94.401.583,17 kroner.

Dette er prosjektet

Breidda på vegbanen mellom Kinsarvik og Kyrkjenes er enkelte plassar heilt nede i 4 meter. No skal det utvidast til 7,5 meter på heile strekkja.

Dette er eit etterlengta prosjekt på ein smal veg der det ofte er lange køar om sommaren,  når mange turistar kjem til vakre Hardanger.

– Me er glade for å setja i gang eit permanent utbetringsarbeid, som vonaleg vil bidra til at trafikken vil flyta lettare, legg Bere til.

Anleggstida er sett til om lag to år, med planlagd sluttdato mai 2024.

– Me har forståing for at slikt langvarig anleggsarbeid kan vera krevjande for trafikantene, men då er viktig å minna om at me gjer dette nettopp for dei, for å kunne vareta trafikktryggleiken og betra framkomet for framtida, legg Bere til.

Arbeidet vil i hovudsakskje på dagtid.

Trafikkavviklinga vil skje med hjelp av trafikkdirigentar og ljosregulering, og trafikantane må førebu seg på inntil 15minuttar venting.

Vegstrekninga som no vert utbetra breiare, er på 2,1 kilometer.

Det er ingen bustadhus i nærleiken av vegstrekkjet som vert utbetra, men det vil verta støy i periodar i samband med sprenging og pigging.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Døme på vegparti mellom Kinsarvik og Kyrkjenes på riksveg 13. Foto: Statens vegvesen
Døme på vegparti mellom Kinsarvik og Kyrkjenes på riksveg 13. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom