Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Veringsåe kraftverk i Bykle

Del
NVE gjev Veringsåe Kraft AS løyve til å bygge Veringsåe kraftverk i Bykle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil produsere om lag 5,4 GWh i året, noko som svarar til straumbruken til 270 husstandar.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Veringsåe kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar.

Veringsåe kraftverk vil nytte eit fall på 56 meter i Veringsåe mellom inntaket på 910 moh. og kraftstasjon på 854 moh. Vassvegen på om lag 600 meter er planlagt nedgraven på heile strekninga.

NVE meiner tiltaket ikkje vil medføre vesentlege negative verknader for biologisk mangfald, landskap og brukarinteresser. NVE har lagt vekt på at alle tekniske installasjonar skal tilpassast landskapet best mogleg. NVE har og fastsett ei minstevassføring på 210 l/s om sommaren og 50 l/s om vinteren.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Veringsåe kraftverk.

Les meir om Veringsåe kraftverk

Kontaktinformasjon:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Avdelingsingeniør Henrik Langbråten, tlf.: 22 95 94 18

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye