
Meld. St. 6 (2016-2017): Styrker verdiskapinga i skog- og trenæringa
Dette er hovudgrepa i Regjeringas skogpolitikk. I dag la Regjeringa fram melding til Stortinget: "Verdiar i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring". Tiltaka Regjeringa foreslår vil gje billigare transport av tømmer og skogprodukt, og det vil auke lønnsemda i foredlingsindustrien.
Råstoff frå skog er grunnlag for ei rekkje fornybare produkt. Det er gjennom lønsam vidareforedling av norsk tømmer at sektoren kan gi størst positive bidrag til sysselsetjing og eit grønt skifte i økonomien. Potensialet for produktutvikling og innovasjon er stort. Vidare kan skogen gi viktige bidrag i klimaarbeidet gjennom opptak av CO2, lagring av karbon i ulike treprodukt, og gjennom å erstatte fossil energi.
– Denne regjeringa har innført skogpolitikken på ny. Næringa sjølv har vore tydelege på at infrastukturen i skogen er jobb nummer ein. Vi har frå før dobla tilskotta, og vil vidareføredenne satsinga. Hovudmålet med meldinga er å leggje til rette for auka verdiskaping frå skogen og konkurransedyktige verdikjeder, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Investinor - betre kapitaltilgang
Billigare transport av råstoff til industrien, slik meldinga legg opp til,styrkar konkurransekrafta til foredlingsbedriftene. Lønsame skog- og trebedrifter er ein føresetnad for sysselsetjing og auka vidareforedling av eige tømmer i Noreg, som igjen er sentralt for enda større bidrag frå sektoren i grønt skifte og omstillinga i norsk økonomi. God tilgong til kapital er viktig for investeringar i naudsynt omstilling i eksisterande bedrifter og i nye. Endring av vedtektene for Investinor, slik at midlar avsett til investeringar i skogindustri også kan investerast i mogne ikkje-børsnoterte bedrifter, byggjer opp under dette.
Må sjølv ta eit ansvar
– No blir det opp til næringa å nytte rammevilkåra og sjølv ta ansvaret for bedriftsutvikling og industrialisering, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.– Dei viktigaste tiltaka for dette er å betre infrastrukturen i skogen, legge til rette for meir effektiv transport av tømmer og skogprodukt og fremje investeringar i lønsam skogindustri. Det legg denne meldinga opp til, seier Dale.
Om meldinga
Meldinga Verdiar i vekst har eit verdikjedeperspektiv, og byggjer på hovudtrekka i skogpolitikken og dei skogpolitiske verkemidla, slik dei går fram av tidlegare meldingar til Stortinget og dei årlege budsjettproposisjonane. Meldinga tek òg utgangspunkt i klimaforlika inngått i Stortinget, tidlegare avklaringar av forholdet mellom næring og miljø, og regjeringas politikk for vidare utvikling av eit omstillingsdyktig og mangfaldig næringsliv.
Med grunnlag i skogressursane omtalar meldinga berekraftig skogbruk, effektiv transport frå skog til industri, konkurransedyktig og verdiskapande foredlingsindustri og forsking og innovasjon i skogsektoren.
Meldinga peiker på moglegheitene som ligg i ein aktiv bruk av skogressursane, og omtalar tiltak som kan fremje verdiskaping og eit grønt skifte i økonomien, der "bioøkonomi" står sentralt.
Tiltaka omfattar blant anna vidare utvikling av infrastrukturen i skogbruket, kartlegging og utbetring av flaskehalser for tømmer- og godstransport i det offentlige vegnettet, betre tilgang på kapital til industrietableringar, aktiv bruk av skogen i klimasamanheng, og samhandling mellom offentlege verkemidlar og private miljøomsyn med sikte på styrka miljøomsyn i eit berekraftig skogbruk.
Nøkkelord
Kontakter
Heidi Eriksen RiiseSeniorrådgiver
Tel:975 17 227heidi-eriksen.riise@lmd.dep.noLenker
Om Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.
Følg pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet
35 millioner kroner mer til drenering i jordbruket for 202415.3.2024 12:29:35 CET | Pressemelding
Ivaretagelse av matjorda er en viktig forutsetning for økt selvforsyning av mat. Drenering er et viktig tiltak som bidrar til dette.
Tilskudd til opplysningstiltak i landbruket7.3.2024 12:04:53 CET | Pressemelding
Organisasjoner, institusjoner og kommuner kan nå søke om tilskudd til tiltak som bidrar til økt interesse i befolkningen for en bærekraftig norsk matproduksjon. Søknadsfristen er 19. april 2024.
Styrker reindriften: Bedre velferdsordninger- utreder egen rådgivningstjeneste28.2.2024 14:09:16 CET | Pressemelding
Landbruks- og matdepartementet og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) vil utrede en egen rådgivertjeneste i reindriften. Partene er også enige om å styrke velferdsordningene, som for eksempel økt avløserstøtte ved sykdom og svangerskap.
Største frødeponeringen noensinne til Svalbard Globale frøhvelv28.2.2024 13:40:50 CET | Pressemelding
I februar vil rundt 14.000 frø blir lagt inn i Svalbard Globale frøhvelv. Nå passer frøhvelvet på over 1,2 millioner frøkopier fra rundt 80 land.
Presseinvitasjon: Landbruks- og matministeren til Svalbard23.2.2024 11:08:04 CET | Presseinvitasjon
Landbruks- og matminister Geir Pollestad skal til Svalbard mandag 26. februar til tirsdag 27. februar.