Nærings- og fiskeridepartementet

1,2 milliardar til opprydding etter gruvedrifta på Svalbard og dei norske atomreaktorane

Del

Regjeringa vil løyve 388 millionar kroner til opprydding etter gruvedrift på Svalbard og 797 millionar kroner til handtering av atomavfall og atomanlegg i Viken.

Næringsminister Iselin Nybø: Regjeringa følgjer opp arbeidet med opprydding etter gruvedrifta på Svea og Luckefjell og dei norske atomreaktorene på Kjeller og i Halden.
Næringsminister Iselin Nybø: Regjeringa følgjer opp arbeidet med opprydding etter gruvedrifta på Svea og Luckefjell og dei norske atomreaktorene på Kjeller og i Halden.

I forslaget til statsbudsjett for 2022 følgjer regjeringa opp arbeidet med opprydding etter gruvedrifta på Svea og Luckefjell og dei norske atomreaktorene på Kjeller og i Halden.

Opprydding etter gruvedrift

Regjeringa vil løyve 388 millionar kroner for 2022 til oppryddingsprosjektet i Svea og Lunckefjell. Pengane vil bli brukt til å vidareføre oppryddinga i siste fase av prosjektet.

– Arbeidet med å rydde opp etter meir enn hundre års gruvedrift er eit ambisiøst prosjekt. Oppryddinga har god framdrift, og det ser no ut til at det er mogeleg å ferdigstille arbeidet eitt år tidlegare enn først anteke. Oppfølginga av oppryddingsprosjektet har framleis høg prioritet, seier næringsminister Iselin Nybø.

Handtering av atomavfall og atomanlegg

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til handtering av atomavfall og atomanlegg med 106 millionar kroner, til totalt 797 millionar kroner i 2022.

– Oppryddinga etter den nukleære verksemda til Institutt for energiteknikk si nukleære verksemd er ei krevjande, langsiktig og kostbar oppgåve for staten. Planlegginga er godt i gang, og vi følgjer opp med dei nødvendige løyvingane, seier næringsministeren.

Av løyvinga går 382,3 millionar kroner til Norsk nukleær dekommisjonering (NND), 404,5 millionar kroner til Institutt for Energiteknikk (IFE) og 10,5 millionar kroner til Nærings- og fiskeridepartementet.

Bakgrunn, opprydding på Svalbard:

  • I samband med Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2018 vart det vedteke at kolverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) i Svea og Lunckefjell skulle avviklast.
  • Det vart samstundes avgjort at Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (dotterselskap til SNSK) skulle vere ansvarleg byggherre.
  • Oppryddingsarbeidet er delt opp i tre fasar. Siste fase starta opp våren 2021 og heile prosjektet er venta ferdigstilt hausten 2023.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Næringsminister Iselin Nybø: Regjeringa følgjer opp arbeidet med opprydding etter gruvedrifta på Svea og Luckefjell og dei norske atomreaktorene på Kjeller og i Halden.
Næringsminister Iselin Nybø: Regjeringa følgjer opp arbeidet med opprydding etter gruvedrifta på Svea og Luckefjell og dei norske atomreaktorene på Kjeller og i Halden.
Last ned bilde

Lenker

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom