Slik må Hordaland førebu seg på klimaendringane
- I Hordaland vil klimaendringane særlig føre til behov for tilpassing knytt til større flaumar, fleire skred, havnivåstigning og stormflo, ekstremnedbør og auka problem med overvatn, seier Hege Hisdal, hydrolog og klimarådgivar i NVE/Norsk Klimaservicesenter.
Fortset klimagassutsleppa å auke som no, vil vi ved slutten av hundreåret få:
- fleire og større regnflaumar. Eit klimapåslag på minst 20 % på utrekna flaumvassføringar vert tilrådd i alle vassdrag som reagerer raskt på nedbør, og i større vassdrag
- auka fare for jord-, flaum- og sørpeskred og mogeleg auka fare for kvikkleireskred, auka aktsemd er viktig
- auka stormflonivå grunna havnivåstigning
- kraftig nedbør: oftare og meir intenst. Dette vil gje større utfordringar med handtering av overvatn
Kunnskap er nøkkelen
Klimaendringane kan bidra til større øydelegging på infrastruktur og eigedom. For å redusere framtidige skader må kommunane gjennomføre klimatilpassingstiltak.
- Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga. Kommunane må styre arealbruken bort frå fareområde. Dette er det beste og mest effektive verkemiddelet for å førebyggje skader frå flaum, stormflo og skred på ny busetnad, seier NVE sin regionsjef Brigt Samdal.
Hendingar med kraftig nedbør er venta å auke vesentleg både i intensitet og hyppigheit. Det tyder at utfordringane med overvatn blir større enn i dag.
- I Hordaland, der store deler av befolkninga er konsentrert langs små og store elvar og i skredutsette område, er det derfor særleg viktig å planleggje godt. Bygningar og viktig infrastruktur må plasserast i tilstrekkeleg avstand til flaumfarlege bekkar og elvar. Bekkar og vassvegar bør haldast opne – og ikkje leggast i røyr – både med omsyn til flaumavleiing og vassdragsmiljø, seier Samdal.
Klimaprofil Hordaland
Klimaprofilen gjer kunnskap om klimaendringar lettare tilgjengeleg for planleggjarar på kommunalt og regionalt nivå. Klimaprofilen Hordaland
Norsk Klimaservicesenter, eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Uni Research og Bjerknessenteret, har gitt ut rapporten «Klima i Norge 2100». Basert på rapporten er det no laga ein Klimaprofil for Hordaland. Klimaprofilen gjev ei kortfatta samanfatning av klimaet og venta klimaendringar.
Pressekontakt
Spørsmål knytt til klimaendringane for Hordaland:
Hege Hisdal, leiar NVE sitt arbeid i Norsk Klimaservicesenter og hydrolog i NVE.
Mobil: 934 21 527
Spørsmål om konsekvensar og tiltak for dei enkelte kommunane i Hordaland:
Brigt Samdal, regionsjef NVE region vest
Mobil: 907 48 238
Minner om:
konferansen 4th Nordic Conference on Climate Change Adaptation
Neste veke er Inger Hanssen-Bauer, leder for Norsk Klimaservicesenter, invitert foredragsholder på den nordiske klimatilpassingskonferansen i Bergen 29.-31. august. Konferansen samlar både forskarar og aktørar innan klimatilpassing, med døme frå ambisiøse nordiske byar.
Etter årets våte sommar er klimatilpassingskonferansen særleg aktuell. Forsikringsbransjen er ein viktig aktør innan klimatilpassing. Rundebordssamtalen opningsdagen med Klima- og miljøvernminister Vidar Helgesen, og aktørar blant anna innan forsikringbransjen, vil ta fatt i spørsmål og utfordringar kring politisk styring av klimatilpassingsfeltet.
Meir info om konferansen 4th Nordic Conference on Climate Change Adaptation – "From Research to Action and Transformation», nordicadaptation2016.net
Kom gjerne innom og ta ein prat med Norsk Klimaservicesenter på stand.
Pressekontakt for konferansen:
Gudrun Sylte, kommunikasjonsleiar Bjerknessenteret
e-post: gudrun.sylte@uni.no, mobil: 40 85 64 57
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE stiller nye krav til kraftverkene i Skiensvassdraget19.6.2025 12:01:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har behandlet konsesjonssøknadene til to ulike kraftverk i Skiensvassdraget. Kraftverkene må ta økt hensyn for å bedre fiskevandringen i vassdraget.
NVE gir konsesjon til Seval skog solkraftverk18.6.2025 15:23:04 CEST | Pressemelding
Selskapet Energeia får tillatelse til å bygge Seval skog solkraftverk i Gjøvik kommune. Før solkraftverket bygges, skal planområdet nydyrkes for å tilrettelegge for samdrift mellom energiproduksjon og landbruk.
Ny rettleiar for flaumutrekningar18.6.2025 10:07:20 CEST | Pressemelding
NVE har publisert ei revidert utgåve av rettleiar for flaumutrekningar. Tilrådingane i den nye utgåva er dei same som i tidlegare utgåve, men strukturen er endra og teksten er omarbeida for å betre oppfylle klarspråkprinsippa i NVE.
NVE venter lavere strømpriser i Norge enn i Europa18.6.2025 07:01:27 CEST | Pressemelding
NVE anslår at Norge vil ha et kraftoverskudd de neste tiårene, og at vi stort sett får lavere kraftpriser enn de europeiske landene. NVE forventer at en grønn energiomstilling i Europa vil fortsette, men at den vil gå saktere og blir mer krevende framover. Gasskraft kommer trolig til å spille en sentral rolle i det europeiske kraftsystemet også i 2050.
NVE godkjenner støyundersøkelser ved Tysvær vindkraftverk17.6.2025 10:37:38 CEST | Pressemelding
Tysvær Vindpark AS har søkt om midlertidig fritak fra tiltaksplan for støy for å utføre ulike tester. Målet er å finne årsaken til støyproblemer ved anlegget. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har nå godkjent denne søknaden, men med flere vilkår for gjennomføringen av testingen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom