To ja og eitt nei til kraftverk i Hattfjelldal
NVE tilrår utbygging av Krutåga kraftverk etter alternativ E med 0,5 meter regulering av Krutvatn heile året, med inntak direkte i Krutvatn. Med NVEs tilrådingar til justeringar, avbøtande tiltak og konsesjonsvilkår vil Krutåga kraftverk produsere om lag 126 GWh/år, noko som svarar til straumbruken til rundt 6 300 husstandar.
Vi legg vekt på at kraftverket vil gje ei stor mengde ny, fornybar kraft som til ein viss grad er regulerbar. Dei tekniske inngrepa og redusert vassføring vil endre landskapet noko, men med våre anbefalingar til regulering, val av inntak og avbøtande tiltak, meiner vi at dei negative konsekvensane blir moderate.
Vi meiner det er små ulemper knytt til Mølnhusbekken kraftverk, som vil kunne produsere om lag 19 GWh ny, fornybar kraft årleg. Dette svarar til straumbruken til ca. 950 husstandar.
For store ulemper knytt til Bjørkåselva
Ulempene med ei utbygging i Bjørkåselva er etter vår meining større enn det ein produksjon på om lag 17 GWh/år vil kunne vege opp. Vi legg hovudsakeleg vekt på to ting; konsekvensane for ei bekkekløft der det er funne ein sterkt trua art (fossefiltlav). Og at eit avslag til Bjørkåselva vil redusere den samla belastninga av dei tre prosjekta på naturtypen bekkekløft og arten fossekall, og redusere dei samla konsekvensane for reindrift.
Leidning og transformator i Varntresk
For å knytte dei to kraftverka til nettet tilrår NVE utbygging av ein ny om lag 20 km lang 132 kV kraftleidning frå Krutåga kraftverk til Varntresk og ein ny 22/132/220 kV transformatorstasjon i Varntresk. Tilråd løysing er tråd med alternativ 2A i søknaden, som NVE meiner er det teknisk-økonomisk beste alternativet og ein trasé som inneber få ulemper for allmenne interesser og naturmangfald. Transformatorstasjonen i Varntresk vil og legge til rette for å knytte dei småkraftverka Bessedøra og Stekvasselva, som har fått løyve tidlegare, til nettet.
Kontaktperson:
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 22959290 / 90850206
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Økende snøskredfare i Troms mot helgen30.4.2025 14:11:27 CEST | Pressemelding
Det er store kontraster i snøskredforholdene i landet for tiden. I Troms er det krevende forhold, mens det i Sør-Norge nesten ikke er skiføre igjen.
NVE har fastsatt utredningskrav for utenlandskablene Skagerrak 1 og 230.4.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statnett har meldt planer om å reinvestere de to første strømkablene til Danmark, som ble satt i drift i 1976 og 1977. NVE har nå fastsatt et utredningsprogram med krav til hvilke temaer som skal utredes, med ekstra fokus på samfunnsøkonomi.
NVE vurderer nye tiltak for å styrke sikkerheten i kraftsystemet29.4.2025 15:22:13 CEST | Pressemelding
NVE vil kartlegge den samlede reparasjonsberedskapen, vurdere endringer i organiseringen, og vurdere nye krav til fysisk sikring av kraftanlegg.
NVE avslår søknad om regulering og vannuttak i Loppa kommune29.4.2025 09:57:08 CEST | Pressemelding
Oppdrettsselskapet Glacier Salmon AS har søkt om tillatelse til regulering og vannuttak i Loppa kommune i Finnmark. Norges vassdrags- og energidirektorat avslår søknaden på grunn av negative konsekvenser for naturmangfold, landskap og reindrift i området.
NVE stiller krav til utredninger for vindkraft i Finnmark25.4.2025 10:56:46 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har i dag fastsatt utredningsprogrammer for hver av de 11 pågående vindkraftsakene i Finnmark. Programmene setter krav til hvilke temaer som må utredes før selskapene kan søke om konsesjon. Utredningskrav om reindrift fastsettes senere. Det samme gjelder utredningsprogrammene for nettiltakene i området.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom