Terje Gilleshammer er ny distriktsredaktør i NRK

Regionredaktør Kai Aage Pedersen seier han er svært glad for å få Gilleshammer med på laget i den nye leiargruppa i region vest.
– Han har eit herleg engasjement, han er ein flott leiartype og han har stor tillit blant dei tilsette i NRK Sogn og Fjordane. Eg er trygg på at han vil gi eit stort bidrag for å sikra publikum eit endå betre tilbod enn dei får i dag, seier Pedersen.
Gilleshammer har vore tilsett i NRK Sogn og Fjordane sidan desember 2004, han er utdanna i internasjonal marknadsføring frå Høgskulen i Ålesund, han har studert ved Bangkok University i Thailand og arbeidd for lakseeksportøren Coast Seafood i Måløy.
I NRK Sogn og Fjordane har Gilleshammer vore journalist, vaktsjef og prosjektleiar for barne-tv. I to år har Gilleshammer har også vore faglærar for NRK Nynorsk mediesenter.
Terje Gilleshammer seier han er stolt over å få leie NRK Sogn og Fjordane vidare:
– Eg kjenner eit sterkt ansvar for dette distriktskontoret og den viktige rolla vi har. Eg kjenner ein kjærleik for Sogn og Fjordane og folket her og ynskjer difor å vere med å utvikle NRK Sogn og Fjordane vidare.
Kai Aage Pedersen seier Gilleshammer har vore ein pådrivar for å løfte fram historier frå Sogn og Fjordane inn i riksflatene til NRK.
– Frå første dag i NRK gjekk han laus på dei store oppgåvene. Han laga lengre TV-dokumentarar og saker til Dagsrevyen som fekk eit stort publikum. No får han ansvaret for å sikra god journalistikk frå Sogn og Fjordane, til eit lokalt og nasjonalt publikum, på dei plattformene publikum vil ha innhaldet på, seier Pedersen.
Terje Gilleshammer går inn i stillinga som distriktsredaktør 1. september.
Kontakter
Terje Gilleshammer: 95709412
Kai Aage Pedersen: 97055202
Bilder

Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
NRK TV-aksjonen i 2026 til Flyktninghjelpen18.6.2025 17:01:00 CEST | Pressemelding
Stiftelsen Flyktninghjelpen er tildelt TV-aksjonen i NRK for 2026
Team Bachstad krysser det sørlige Afrika18.6.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Øystein Bache og Rune Gokstad drar på sin ellevte tur sammen. Denne gangen reiser Team Bachstad til Afrika.
Dette kan du sjå på NRK i sommar13.6.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
Kjendisar i konkurransemodus, fiskefeber, masse humor og moralske dilemma i jungelen. Her er NRKs sommarmeny.
Dette er deltakerne i NRKs nye sommersatsing13.6.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
Silje Nordnes står ved roret når 20 kjente personer skal konkurrere om hvem som mestrer sommeren best. Deltakernes personlighet blir også sentral i «20-stjerners sommerferie».
Se verdens beste dødsere på NRK11.6.2025 11:59:33 CEST | Pressemelding
Det er en ekstremsport med stadig økende popularitet internasjonalt. Nå har NRK sikret seg rettighetene til å sende både verdensserien og VM i dødsing.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom