Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Hestenes småkraftverk

Del
NVE gjev Hestenes Kraft AS løyve til å bygge Hestenes kraftverk i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 5,7 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 285 husstandar.

Kraftverket vil nytte ei fallhøgd på 292 m og endre naturleg vassføring i Storelva. Vatnet skal førast i nedgrave røyr mellom inntak og kraftstasjon. Tiltaket er planlagt med overføring av tre mindre sidebekkar.

Av omsyn til naturmiljøet er det gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei tilsigavhengig minstevassføring på 75 l/s om sommaren og 20 l/s om vinteren.

Det vert òg installert omløpsventil i kraftverket av omsyn til fisk på anadrom strekkje nedanfor kraftverket.

NVE vurderer med desse vilkåra nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser og gjev difor løyve til bygging av Hestenes kraftverk.

For nærare informasjon kontakt:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

Overingeniør Katarina Eftevand, tlf. 22 95 92 13

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye