NVE gjev løyve til Tista kraftverk
Kraftverket er planlagt med installert effekt på 0,8 MW og utbygginga vil nytte ei fallhøgd på omlag 60 meter. Kraftverket vil utnytte meir av vatnet i eit fall som allereie vert nytta i kraftverket Tistedalsfoss II.
Frå inntaket ved Svanedammen i Femsjøen vert vatnet ført i røyr langs elvelaupets nordside, under industribygget (i eksisterande tunnel) til tidlegare Bomuldsspinneriet, for deretter å følgje den naturlege vassvegen ned til tenkt plassering av kraftstasjon innerst i Lilleelva.
Det nye kraftverket vil gje eit positivt tilskot til auka kraftproduksjon samstundes som kraftverket vil sikre betre gyte- og oppveksttilhøve for laksestamma i Tista. Betring av tilhøva for laksen skjer gjennom å sikre stabil vassføring på ein lakseførande strekning i ein del av Tista (Lilleelva) som normalt har for ustabil vassføring for laks.
Røyrgata og kraftstasjonen vil verte synlege i landskapet, men NVE vil gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget sjå til at anlegget får ei god stadstilpassa utforming.
NVE meiner samla sett at nytta at tiltaket overstig skader og ulemper private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Tista kraftverk på fastsette vilkår.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Sakshandsamar: Torleiv Yli Myre, tlf 22 95 96 91
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom