Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE seier nei til bygging av Mølnelv kraftverk

Del
NVE har handsama søknad om bygging av Mølnelv kraftverk Bodø kommune i Nordland. Mølnelv kraftverk får ikkje løyve grunna konflikt knytta til den raudlista arten elvemusling samt landskapmessige verknader av ei utbygging.

 

Mølnelv kraftverk i Mølnelva var planlagt med ein installert effekt på 2,6 MW og ein årleg produksjon på om lag 7,75 GWh. Store fysiske inngrep i eit krevjande terreng vil føre til varige forandringar av landskapet. Raudlistearten elvemusling er registrert i store delar av den planlagt berørte elvestrekninga. Bygging av Mølnelv kraftverk vil etter NVE si oppfatning komme i konflikt med denne arten som etter vår meining vert påverka gjennom sterkt redusert vassføring.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser, og samstundes at tiltaket er i konflikt med forvaltningsmål for artar som er gjeve i naturmangfaldlova § 5. NVE gjev difor ikkje løyve til bygging av Mølnelv kraftverk

Les meir om avslaget på www.nve.no/konsesjonsyheter

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216
Rådgiver Frank Jørgensen, 22 96 94 31

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye