Løyve til Ryddøla kraftverk
Blåfall AS har søkt om løyve til å bygge Ryddøla kraftverk i Ryddøla i Dovre. Kraftverket vil få ei installert effekt på 3,4 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 7,2 GWh.
Ryddøla drenerer eit nedbørfelt nordaust for Gudbrandsdalslågen og har utløp i Lågen ved Dovreskogen i Dovre kommune. Inntaket er planlagt etablert rett utanfor Grimsdalen landskapsvernområde. Elva renn gjennom skog og er ikkje synleg frå dalbotnen i hoveddalføret. Frå nordvestsida av Ryddøla går det ein skogsbilveg innover Ryddølsdalen, som passerer like ved planlagt inntak. Det er registrert ei bekkekløft med lokal verdi på den aktuelle elvestrekninga. Det er ikkje funne raudlista artar som er knytt til elvestrengen eller inntaksområdet. NVE meiner at vassmiljøet knytt til vassdraget kan ivaretakast på ein god måte med slepp av tilstrekkelig minstevassføring heile året.
NVE meiner at med dei fastsette vilkåra er fordelane større enn skadane og ulempene for allmenne interesser ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Ryddøla kraftverk.
Meir informasjon på www.nve.no/konsesjonsnyheter
Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
