Løyve til Måråe minikraftverk
Utbygginga vil nytte eit fall på 19 meter og vil føre til at ei elvestrekning på omlag 180 meter får noko redusert vassføring delar av året. Den planlagde utbygginga gjeld gjenoppbygging av eit kraftverk som vart nedlagt i 1982. Måråivassdraget vart verna i 2005 og verdiane i vassdraget er knytte opp til landskapsopplevingar og urørt natur.
Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for opplevinga av landskapet lokalt. NVE meiner at det i verna vassdrag skal vere att noko av den naturlege variasjonen på den utbygde elvestrekninga, og prosjektet har difor fått krav om mindre slukeevne og høgre minstevassføring enn det det var søkt om. Ei realisering av ei alternativ utbyggingsløysing, med krav om avbøtande tiltak, vil etter NVEs syn ha akseptable verknader både i høve til verneverdiane og allmenne interesser elles.
NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å byggje kraftverket, og gjev difor løyve til Måråe kraftverk på fastsette vilkår.
Les meir om løyve til Måråe kraftverk på www.nve.no
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Seniorrådgjevar Auen Korbøl, tlf. 22 95 93 44
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom