Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om Holmen kraftverk og kraftleidning til Kjønnagard

Del
NVE arrangerar offentleg møte om Holmen kraftverk og kraftleidning til Kjønnagard på Jordalen skule i Voss kommune, torsdag 1. mars kl. 19.00.

NVE har motteke konsesjonssøknad frå Holmen Kraft AS om bygging av Holmen kraftverk i Jordalen og kraftleidning til Kjønnagard. Det vert søkt om røyrgate og bilveg i tunnel gjennom Jordalsnuten, 52 kV kabel gjennom Stalheimstunnelen og luftleidning vidare mot Kjønnagard sør for Opheimsvatnet. Søknaden er tilgjengeleg på servicetorga til Voss og Aurland kommune og i elektronisk versjon på www.nve.no/vannkraft.

På møtet vil NVE orientere om den formelle sakshandsaminga av søknaden, og tiltakshavar vil orientere om prosjektet.

Nærare opplysningar kan ein få ved å kontakte NVE v/ Marit Carlsen på tlf. 22 95 90 60.

Høringsfråsegner sendast via www.nve.no/vannkraft, til nve@nve.no eller med post til NVE, PB 5091 Majorstua, 0301 Oslo. Frist for å sende fråsegner er 1. april 2012 .

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye