Løyve til Kverninga kraftverk
Kverninga kraftverk vil få ein årleg produksjon på om lag 6,2 GWh og med det forsyne 300 husstandar med straum. Kraftverket er planlagt med installert effekt på 2,5 MW. Utbygginga vil nytte eit fall i Kverninga og Sandbekken på 306 m og ei samla elvestrekning på om lag 3,8 km i dei to elvene vil få redusert vassføring.
Frå inntaket i Kverninga skal vatnet førast i nedgrave røyr til kraftstasjonen. Overføringa frå Sandbekken skal òg skje i nedgrave røyr, som vert kopla til vassvegen for Kverninga kraftverk. Det vert behov for om lag 50 meter ny veg til inntaket i Kverninga, samt 120 meter ny veg som tilkomst til kraftstasjonen. Til inntaket i Sandbekken er det gjeve løyve til mellombels anleggsveg.
Utbygginga vil gje nokre negative verknader for landskapet i området, då grunnen er skrinn og vegetasjonen vil bruke lang tid på å reetablere seg etter inngrepa. Området er ikkje eit utprega friluftsområde og elvane er ikkje viktige landskapselement i det store landskapsrommet. NVE meiner difor at inngrepa er akseptable. Ei bekkekløft med verdi B og dei raudlista artane trådragg og hodeskoddelav vert direkte påverka av tiltaket. NVE har vurdert at sidan desse artane ikkje er direkte avhengige av rennande vatn og kan vekse under varierande miljøforhold, vil avbøtande tiltak kunne oppvege noko for negative verknader på desse artane.
NVE har sett vilkår om at det skal sleppast ei minstevassføring lik den sesongmessige minstevassføringa. 150 l/s og 50 l/s for sommar og vinter høvesvis. Dette av omsyn til vassdragstilknytte artar i og langs elva, samt opplevinga av elva som landskapselement på nært hald. Vidare skal det stå att eit belte på 20-40 m granskog langs den viktige bekkekløftlokaliteten. Dette vil saman med minstevassføringa vere med på å oppretthalde det fuktige miljøet i bekkekløfta.
I sum vurderer NVE at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Kverninga kraftverk på fastsette vilkår.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Sakshandsamar Silje Aakre Solheim, tlf. 22 95 95 22
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
Isforholdene i forkant av juleferien 2025 – Store variasjoner og stor fare for å gå gjennom isen i lavlandet i Sør-Norge19.12.2025 11:27:29 CET | Pressemelding
NVE Isvarslingen på Varsom.no melder at mange vann under 600-900 moh i Sør-Norge har kritisk svekket is. Det er stor fare for å gå igjennom isen, spesielt langs land og ved innløp, utløp og i trange sund. Årsaken er langvarig mildvær.
RME fatter vedtak i Freyr-saken19.12.2025 09:21:01 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) har fattet vedtak om at Statnett kunne oppheve reservasjonen av kapasitet i transmisjonsnettet med virkning for Freyr Battery Norway AS.
NVE anbefaler konsesjon til Mauranger 2 og nye miljøkrav i Maurangervassdraga18.12.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
NVE anbefaler at Statkraft får konsesjon til å bygge Mauranger 2 kraftverk med to nye pumper og fleire nye vassoverføringar. Utvidinga vil gi betydeleg auke i effekt og dermed bidra til meir fleksibilitet i kraftsystemet. NVE anbefaler også nye miljøkrav for heile reguleringa.
Ny rapport med forslag om hvordan sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen kan styrkes18.12.2025 09:41:34 CET | Pressemelding
På oppdrag fra NVE og Statnett, har FFI utarbeidet rapporten «Styrket sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen – tiltak og prioriteringer». Rapporten gir et viktig grunnlag for videre arbeid med økt sikkerhet i norsk kraftforsyning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
