Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om Harøy vindkraftverk i Sandøy kommune

Del
NVE arrangerar offentleg møte om Harøy vindkraftverk i Allrommet i Sandøyhagen, Harøy skule, onsdag 18. januar kl. 1900.

NVE har motteke konsesjonssøknad frå Sandøy Energi AS for Harøy vindkraftverk i Sandøy kommune. Sandøy Energi AS søkjer i medhold av energilova om konsesjon til å byggje og drive eit demonstrasjonsanlegg for vindkraft beståande av 3 vindturbinar, med ei samla installert effekt på inntil 10 MW. Vindkraftverket vil bli lokalisert på Leghaugane ved Steinshamn på Harøy. Det vert arrangert folkemøte om vindkraftprosjektet i Allrommet i Sandøyhagen, Harøy skule, onsdag 18. januar kl. 1900.

På møtet vil NVE orientere om saksbehandlinga av konsesjonssøknaden, og tiltakshavar vil orientere om prosjektet.

Søknad er lagt ut på høyring, og fristen for å komme med merknader er 5. mars 2012 . Søknaden er tilgjengeleg på NVEs internettsider www.nve.no/vindkraft , og er lagt ut til offentleg gjennomsyn hjå kommunen.

Nærmere opplysningar kan ein få ved å kontakte NVE v/ Hilde Aass på tlf. 22 95 98 85.

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye