Eit løyve og eit avslag til kraftverk i Tysfjord kommune
Løyve til Nedre Russvik kraftverk
Nedre Russvik kraftverk er planlagt med ein installert effekt på til saman 2,3 MW fordelt på to turbinar, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 5 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til 250 husstandar. Utbygginga av Nedre Russvik vil ikkje påverke registrerte utvalte naturtypar eller trua artar. Ved etablering av røyrgate langs eksisterande traktorveg vil også inngrepa knytt til utbygginga reduserast til eit minimum. Ved slepp av sesongbasert minstevassføring meiner NVE at vassdragets landskapsverdiar blir teke vare på i tilstrekkelig grad.
Avslag for Øvre Russvik kraftverk
Øvre Russvik kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 4,2 MW og ein årleg produksjon på omlag 10 GWh. Noko som svarar til straumbruken til 500 husstandar. Fleire av høyringspartane er negative til ein utbygging av Øvre Russvik kraftverk. Mest fordi tiltaket vil redusere inngrepsfrie naturområde samt inntrykket av å vera i urørt, mektig natur - kvalitetstrekk området har i dag. Omsyn til verdifull naturtype og samla belastning spelar også inn. NVE meiner og at ein realisering av Øvre Russvik kraftverk vil medføre negative konsekvensar for landskap og friluftsliv, inngrepsfrie naturområde og biologisk mangfald. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderer derfor utbyggingsplanane til ikkje å vere akseptable i høve til allmenne interesser og gjev derfor ikkje løyve til bygging av Øvre Russvik kraftverk.
Les meir om Nedre Russvik kraftverk og Øvre Russvik kraftverk her
For nærmare informasjon kontakt
:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
Isforholdene i forkant av juleferien 2025 – Store variasjoner og stor fare for å gå gjennom isen i lavlandet i Sør-Norge19.12.2025 11:27:29 CET | Pressemelding
NVE Isvarslingen på Varsom.no melder at mange vann under 600-900 moh i Sør-Norge har kritisk svekket is. Det er stor fare for å gå igjennom isen, spesielt langs land og ved innløp, utløp og i trange sund. Årsaken er langvarig mildvær.
RME fatter vedtak i Freyr-saken19.12.2025 09:21:01 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) har fattet vedtak om at Statnett kunne oppheve reservasjonen av kapasitet i transmisjonsnettet med virkning for Freyr Battery Norway AS.
NVE anbefaler konsesjon til Mauranger 2 og nye miljøkrav i Maurangervassdraga18.12.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
NVE anbefaler at Statkraft får konsesjon til å bygge Mauranger 2 kraftverk med to nye pumper og fleire nye vassoverføringar. Utvidinga vil gi betydeleg auke i effekt og dermed bidra til meir fleksibilitet i kraftsystemet. NVE anbefaler også nye miljøkrav for heile reguleringa.
Ny rapport med forslag om hvordan sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen kan styrkes18.12.2025 09:41:34 CET | Pressemelding
På oppdrag fra NVE og Statnett, har FFI utarbeidet rapporten «Styrket sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen – tiltak og prioriteringer». Rapporten gir et viktig grunnlag for videre arbeid med økt sikkerhet i norsk kraftforsyning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
