Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE seier nei til bygging Beritelva kraftverk i Saltdal kommune i Nordland

Del
NVE har handsama søknad om bygging av Beritelva kraftverk ved Sulitjelma i Saltdal kommune i Nordland. Beritelva kraftverk får ikkje løyve grunna konflikt knytta til reindrift, landskap, friluftsliv, og tap av villmarkspregede områder i Junkerdal nasjonalpark.

Beritelva kraftverk i Beritelva var planlagt med ein installert effekt på 2,3 MW og ein årleg produksjon på om lag 6,7 GWh.

Det er registrert store allmenne interesser knytt til vassdraget.

Beritelva kraftstasjon er planlagt i kjerneområdet til Balvatn reinbeitedistrikt og vil få direkte påverknad på distriktets særverdiområder som brunst- og kalvingsland. Tiltaket vil kunne slå uheldig ut på reinens trekk- og flyttleier mellom østlige og vestlige deler av området.

Beritfossen har store frilufts- og landskapsverdiar knytt til seg og desse verdiane har ein direkte sammenheng vassføringa i elva. Beritfossen kan sjåast eit stort landskapsrom og verdien av fossen som landskapselement forsterkast ved at mange av dei større fossane i Sulitjelmaområdet er bygd ut.

Bygging av Beritelva kraftverk vil redusere villmarksprega INON-områder innafor Junkerdal nasjonalpark med om lag 5 km2. Området har og andre viktige kvalitetar, blant anna er det registrert 2 viktige naturtypar som vil bli påverka av ei utbygging, om enn ikkje i avgjerande omfang.

Bygging av Beritelva kraftverk vil etter NVE si oppfatning komme i sterk konflikt med verdiane i området, som etter vår meining vert betydeleg påverka gjennom sterkt redusert vassføring og store fysiske inngrep i eit sårbart terreng. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging.

NVE vurderar utbyggingsplanane til ikkje å vere akseptable i høve til allmenne interesser og gir difor ikkje løyve til bygging av Beritelva kraftverk.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216
Rådgiver Frank Jørgensen, 22 96 94 31

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye