Ikkje løyve til Hovda kraftverk
12.3.2012 10:00:05 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Hovda kraftverk i elva Hovda var planlagt med ein installert effekt på 5,4 MW og en årleg produksjon på om lag 20,5 GWh. Det svarar til straumbruken til om lag 1000 husstandar.
Kommunane er positive til tiltaket, medan dei andre høyringspartane anten er nøytrale eller negative i spørsmålet om det bør gjevast konsesjon.
NVE meiner dei negative verknadane i hovudsak er knytt til vassdragets verdi for biologisk mangfald. Kløftemiljøet i Hovda er nasjonalt viktig og er eitt av fem bekkekløftmiljø i fylket som er registrert med denne verdien. Utbygginga vil påverke ein svært viktig bekkekløftlokalitet med mellom anna ein fuktkrevjande raudlisteart (trådragg, VU), samt delar av ein større bekkekløftlokalitet som også er gitt verdien svært viktig.
NVE legg vekt på kløftemiljøet som heilskap og dei biologiske verdiane og det potensialet som fins der, samt dei direkte konsekvensane for ein svært viktig naturtype og ein sårbar art. Ei utbygging vil etter NVE sitt syn påverke desse verdiane sterkt negativt.
Vi har ikkje vurdert nærare om ei utbygging av Hovda vil verke negativt på fiskeverdiane i vassdraget, fordi vurderingane knytt til naturtypen bekkekløft og raudlisteartar uansett er avgjerande for vedtaket.
Vi kan ikkje sjå at dei føreslåtte avbøtande tiltaka i tilstrekkelig grad og med stor nok sikkerheit vil ivareta dei biologiske verdiane. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve.
Kontaktpersonar:
Øystein Grundt, seksjonssjef, tlf. 22 95 93 89
Kirsten Marthinsen, avdelingsingeniør, tlf. 22 95 92 34
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE forventer lav magasinfylling de neste månedene3.6.2026 14:36:16 CEST | Pressemelding
De neste månedene forventer NVE at fyllingsgraden i flere norske vannkraftmagasiner blir lavere enn den har vært de siste 30 årene. Hvordan fyllingsgraden utvikler seg avhenger av nedbør og kraftsituasjonen i våre naboland. NVE er ikke bekymret for energiknapphet til vinteren, men vil følge utviklingen tett.
NVE gir konsesjon til solkraftverk i Fredrikstad kommune3.6.2026 12:13:39 CEST | Pressemelding
NVE gir Østfold Energi Solkraft AS tillatelse til å bygge Forsetlundgropa solkraftverk. Anlegget skal etableres på et tidligere massedeponi.
Skred tok hus og naust – no er Skjelbostad sikra mot skred3.6.2026 09:41:18 CEST | Pressemelding
NVE har fullført sikringstiltaka på Skjelbostad i Rauma kommune. Bustader og næringsliv i området er no betre verna mot framtidige skred.
Tre omkom i snøskred – mange snøskredhendelser i vinter til tross for en vinter med lite snø1.6.2026 14:54:01 CEST | Pressemelding
Vinteren 2025–2026 var preget av mindre snø enn normalt og færre store skredsykluser. Likevel førte en vedvarende ustabil snødekkeoppbygning til flere alvorlige hendelser – tre personer mistet livet i snøskred i løpet av sesongen.
Kraftsystemet i 2025: Store endringer gir bedre utnyttelse av nettet, men høyere kostnader21.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
I 2025 var kraftsystemet preget av omfattende endringer i både markeds- og driftsløsninger. Det har gitt bedre balanse og frekvenskvalitet, men også økte systemdriftskostnader.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
