Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Bøfossen kraftverk

Del
NVE seier nei til bygging av Bøfossen kraftverk i Voss kommune i Hordaland.

Raundalselva er ei av hovudelvane til Vossovassdraget som er varig verna mot kraftutbygging. NVE NVE meiner at tiltaket er i konflikt med vernestatus for vassdraget.

Raundalskraft AS har søkt NVE om løyve til å nytte eit fall i Raundalselva mellom kote 282,20 og 274,20. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 999 kW og ville gi ein årleg produksjon på 5,7 GWh noko som svarar til straumbruken til 285 husstandar.

NVE sitt avslag byggjer på tiltaket sine negative konsekvensar for landskaps- og friluftsinteresser knytt til Raundalselva samstundes som vassdraget er trekt fram som eit typevassdrag i verneplan for vassdrag. Dette gjer at tiltaket vil vere i konflikt med verneverdiane i vassdraget.

NVE kan ikkje gi løyve til kraftverk som har negative verknader for verneverdiane, og søknaden om Bøfossen kraftverk er difor avslått.

For nærare informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Overingeniør Katarina Eftevand, tlf. 22 95 95 15

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye