Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ny 132 kV kraftleidning mellom Sandane og Reed i Gloppen

Del
Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) gjev SFE Nett AS løyve til byggje ein ny 132 kV kraftleidning på ca. 13,5 km mellom Sandane transformatorstasjon og Reed transformatorstasjon i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.

NVE gjev også SFE Nett konsesjon for ein utviding av eksisterande Sandane transformatorstasjon med om lag 0,5 daa. Kraftleidningen vil legge til rette for auka produksjon av ny fornybar kraft i området. Den er også eit ledd i overgangen til 132 kV systemspenning i regionen.

NVE vurderer miljøverknadane av tiltaket til å vere akseptable. Kraftleidningen vil for det meste ligge godt skjult i skog, mens i bratt terreng og over jordbruksområde vil kraftleidningen bli et synleg inngrep. Kraftleidningen vil gå i ytterkanten av Kolebakkane naturreservat, men ingen områder med kjente raudlista arter. Kraftleidningen vil gå gjennom område av lokal verdi for friluftsliv og kulturminner. Ingen bustader vil få elektromagnetiske felt over anbefalt utgreiingsgrense.

Leidningen skal i all hovudsak byggast med portalmaster i tre og glassisolatorar i I-oppheng med unntak av innføring til Sandane transformatorstasjon. Der skal leidningen skal byggast med stålmaster.

NVE krev at SFE Nett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan som skal godkjennast av NVE før anleggsstart. Det vert og sett krav om skånsam skogrydding, og at det vert teke spesielt omsyn ved kryssing av Kolebakkane naturreservat.

NVE har etter ein samla vurdering funne at dei samfunnsmessige fordelane ved anlegget utan tvil må påreknast å vere i overvekt i høve til skader og ulemper som vert påført andre. NVE vil av denne grunn også meddele SFE Nett AS ekspropriasjonsløyve for anlegget.

K ontaktpersonar:

Avdelingsdirektør: Rune Flatby, Tel.: 416 78 203

Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg, Tel.: 22 95 94 38

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye