Løyve til Rausdalen kraftverk
Rausdalen kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 2,2 MW. Kraftverket vil nyttefallet på ein eksisterande 135 meter lang overføring mellom Småløftevatn og Rausdøla. Frå Småløftevatn vil vatnet gå i tappetunnelen og deretter i nedgrave røyr til kraftstasjonen som vert plassert like oppstraums eksisterande bekkeinntak i Rausdalen. Det er ikkje planlagt endringar i dagens manøvreringspraksis i magasina. Kraftverket skal knytast til straumnettet via ein jordkabel.
Kraftverket vert etablert i eit område som er påverka av tidlegare vasskraftutbygging. Utbygginga vil medføre enkelte nye inngrep i ope høgfjellslandskap, men verknadene vert vurdert som små. Området vert elles nytta til lokale friluftsaktivitetar. Det er ikkje registrert prioriterte naturtypar eller raudlista artar som vil kunne bli påverka av utbygginga. Høyringsinstansane er i hovudsak positive til utbygginga som vil gje betre ressursutnytting i eksisterande vasskraftanlegg. NVE vurderar dei samla verknadene av utbygginga som små.
NVE legg vekt på at kraftverket vil bidra med 7,3 GWh fornybar kraft, samstundes som utbygginga er akseptabel i høve til private og ålmenne interesser.
Meir om Rausdalen kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216
Senioringeniør Jan Sørensen, tlf. 22 95 92 11
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom