Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Gullbergelva kraftverk

Del
NVE gjev Gullgruva Kraft A/S løyve til å bygge Gullbergelva kraftverk i Åfjord kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 8,0 GWh, noko som svarar til straumbruken til 400 husstandar.

 

Kraftverket er planlagt med installert effekt på 2700 kW. Utbygginga vil nytte eit fall på 206 meter og vil føre til at ei elvestrekning på om lag 1500 meter får redusert vassføring. Det vil og bli noko vegbygging.

Utbygginga vil medføre negative verknader for landskap og tap av inngrepsfrie naturområde.
På utbyggingsstrekninga finst den prioriterte naturtypen bekkekløft. Ingen raudlista artar er påvist, men enkelte regionalt uvanlege arter er funne. Kraftverket vil ligge i eit område med reindrift. NVE meiner det vil vere mulig å avbøte ein del av dei negative verknadene.

NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Gullbergelva kraftverk på fastsette vilkår.

Meir informasjon på www.nve.no/konsesjonsnyheter  

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Solveig Silset Berg, tlf. 22 95 93 25

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye