Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Kjeråa kraftverk

Del
NVE gjev Nord-Trøndelag Elektrisitesverk Energi AS løyve til å bygge Kjeråa kraftverk i Namsskogan kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 10 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 500 husstandar.

Nord-Trøndelag Elekrisitetsverk Energi AS har søkt om løyve til å bygge Kjeråa kraftverk i Kjeråa i Namsskogan. Kraftverket vil få ei installert effekt på 3,3 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på om lag 10 GWh.

Kjeråa ligg i eit ope landskap med markerte dalar som til dels er prega av store elver, fjellskog og myr. Tiltaksområdet er prega av inngrep i nedre del, medan inntaket er planlagt innanfor inngrepsfri sone 2. På berørt elvestrekning er det registrert ei bekkekløft med regional verdi.

Det er ikkje funne raudlista artar som er knytt til elvestrengen.

NVE meiner at vassmiljøet knytt til vassdraget kan ivaretakast på ein god måte med slepp av tilstrekkelig minstevassføring heile året. Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane er større enn skadane og ulempene for allmenne interesser ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Kjeråa kraftverk.

Kontaktpersona r

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

Avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye