Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Heielva kraftverk

Del
NVE avslår søknaden frå Heielva Energi AS om løyve til å byggje Heielva kraftverk i Heielva i Flå kommune i Buskerud. NVE meiner at skadane og ulempene for dei ålmenne interessene er større enn fordelane ved kraftverket.

Heielva Energi AS har søkt NVE om løyve til å nytte eit fall mellom kote 510 og kote 155 i Heielva. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 4,9 MW, og ein årleg produksjon på om lag 13 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 650 husstandar.

NVEs avslag byggjer på tiltaket sine negative konsekvensar for biologisk mangfald. Heielva renn gjennom ei bekkekløft mellom kote 400 og kote 220. Bekkekløfta har fått verdien ”A – svært viktig” på grunn av at det er påvist fleire raudlista artar langs vassdraget. Det er også potensial for å finne fleire raudlista artar langs elva.

NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Heielva kraftverk.

Les meir om Heielva kraftverk her 

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Overingeniør Marianne Bismo, tlf. 22 95 98 58

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye