Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE avslår søknad om løyve til Håfoss kraftverk

Del
NVE avslår søknaden frå Håfoss kraftverk AS om løyve til å byggje Håfoss kraftverk i Etneelva, Etne kommune i Hordaland. NVE meiner at skadane og ulempene for dei allmenne interessene er større enn fordelane ved kraftverket.

Håfoss kraftverk AS har søkt NVE om løyve til å nytte fallet i Håfoss i Etneelva. Kraftverket hadde ein planlagd installert effekt på 628 kW og ein berekna produksjon på 4,2 GWh, noko som skulle svare til straumbruken til omlag 200 husstandar.

NVEs avslag byggjer på tiltaket sine negative konsekvensar på anadrom laksefisk og ål, samt landskapseffektar av mindre vassføring i Håfoss. NVE har i vurderinga vektlagt at vassdraget både er verna og har status som nasjonalt laksevassdrag.

NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Håfoss kraftverk i Etneelva.

Les meir om Håfoss kraftverk på www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Eirik Bjerke Thorsen, tlf. 22 95 93 80

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye