Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Bjotveit kraftverk

Del
NVE avslår søknaden frå Hardanger Alliansen om løyve til å byggje Bjotveit kraftverk i Bjotveitelvi i Ullensvang kommune i Hordaland.

Bjotveitelvi er eit verna vassdrag. NVE meiner at skadane og ulempene for dei ålmenne interessene er større enn fordelane ved kraftverket. NVE meiner og at tiltaket er i konflikt med vernestatus for vassdraget.

Hardanger Alliansen har søkt NVE om løyve til å nytte eit fall mellom kote 395 og kote 45 i Bjotveitelvi. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 995 kW, og ein årleg produksjon på omlag 5 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 250 husstandar.

NVEs avslag byggjer på tiltakets konflikt med verneformålet til eit verna vassdrag, som sikrar randsona mellom Hardangervidda nasjonalpark og fjorden. Tiltaket er og i konflikt med landskaps- og friluftsinteressene knytt til dette.

NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser, og samstundes at  tiltaket er i konflikt med vassdragsvernet. NVE gjev difor ikkje løyve til bygging av Bjotveit kraftverk.

Les meir om avslaget på www.nve.no

Kontaktpersonar:
Sjefingeniør Jens Aabel, tlf. 22 95 90 11
Overingeniør Eirik Bjørkhaug, tlf. 22 95 98 31

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye