Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE seier nei til bygging Bortnen kraftverk i Bremanger i Sogn og Fjordane

Del
NVE har handsama søknad om bygging av Bortnen kraftverk ved Bortnen i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Bortnen kraftverk får ikkje løyve grunna konfliktar knytt til raudlisteartar og verdifulle naturtypar.

Bortnen kraftverk i Bortneelva var planlagt med ein installert effekt på 2,6 MW og ein årleg produksjon på omlag 7,7 GWh. Det er registrert raudlisteartar og verdifulle naturtypar langs store delar av vassdraget. Bygging av Bortnen kraftverk vil etter NVEs oppfatning komme i sterk konflikt med desse verdiane som etter vår meining vert betydeleg påverka gjennom sterkt redusert vassføring og store fysiske inngrep i eit krevjande terreng. Dei negative konsekvensane står etter NVEs syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging.

NVE vurderar utbyggingsplanane til ikkje å vere akseptable i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til bygging av Bortnen kraftverk.

Les meir om avslaget på www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216
Overingeniør Frank Jørgensen, 22 96 94 31

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye