Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til nytt Haukeli kraftverk

Del
NVE gjev Statkraft Energi AS løyve til å byggje nytt Haukeli kraftverk i Vinje kommune i Telemark. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 32 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 1900 husstandar. Det vert samstundes gjeve løyve til å leggje ned det gamle kraftverket.

Nye Haukeli kraftverk er planlagt med installert effekt på 4,9 MW. Kraftverket vil ha inntak i Vatjern omlag 75 meter sør for det eksisterande inntaket. Vassvegen vil i hovudsak gå i fjell. Kraftstasjonen skal byggjast i dagen i nærleiken av det noverande stasjonsbygget ved Haukeligrend. Avlaupet vil gå i ein kort kanal til Kjelaåi.

Det gamle kraftverket vert lagt ned bortsett frå eksisterande vegar og infrastruktur som skal nyttast i samband med det nye kraftverket.

Kraftverket vil ikkje påverke nye areal i særleg grad og drifts- og kjøremønster vil verte som i det eksisterande kraftverket. Utbygginga er forventa å få berre små eller ubetydelege verknader for miljø- og brukarinteresser. I byggjeperioden må det likevel påreknast ein del ulemper grunna anleggstrafikk. Nedlegging av det gamle kraftverket føre til at eksisterande røyrgate i dagen og andre synlege anleggselement vert fjerna. Høyringsinstansane er i hovudsak positive til det omsøkte tiltaket. 

NVE legg vekt på at kraftverket vil bidra med 32 GWh fornybar kraft, samstundes som utbygginga er akseptabel i høve til private og ålmenne interesser. NVE ser samstundes positivt på at det gamle kraftverket vert fjerna og at områda vert sett i stand. 

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 22 95 92 90, mobil 908 50 206
Senioringeniør Jan Sørensen, tlf. 22 95 92 11

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye