Løyve til Eikemo kraftverk
Ved kote 660 vil det bli sett opp ein sperredam i Skredbekken, og vatnet vil bli overført til Setsteinelvi. Hodnefjellsvatnet, som ligg i kommunane Vaksdal og Modalen, vil bli regulert med 4 meter. Det vil bli eit inntak i Hodnefjellsvatnet. I tillegg vil det bli etablert to inntak i Setsteinelvi. Røyrgata vil ligge i nedsprengt grøft. Nedst vil vassvegen gå i tunnel og i nedgraven grøft.
Setsteinelvi og Skredbekken renn ut i Ekso, som er ei lakseførande elv. Konsekvensane av Eikemo kraftverk for fisken i Ekso og moglege tiltak for å motverke dei negative konsekvensane er utgreia gjennom konsesjonshandsaminga. NVE meiner at ein realisering av Eikemo kraftverk kan gje negative konsekvensar for fisken i Ekso, men har konkludert med at desse kan avbøtast gjennom tiltak i anleggs- og driftsfasen. Eikemo kraftverk vil ha noko negativ effekt på landskapet, men dette kan til ein viss grad avbøtast med god terrengtilpassing og slipp av minstevassføring.
NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Eikemo kraftverk på fastsette vilkår.
Les meir om løyvet til Eikemo kraftverk på www.nve.no
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22959389
Overingeniør Marianne Bismo, tlf. 22959858
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
