Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Sikkerheit viktig ved tilråding av nye dammar i Åseral

2.5.2011 09:30:13 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Agder Energi Produksjon løyve til å byggje to nye dammar i Skjerkevatn, auke reguleringshøgda med 23 meter og rive fire dammar i Nåvatn i Åseral

NVE legg stor vekt på at bygging av dei nye dammane vil sikre at gjeldande sikkerheitskrav vert innfridd.

NVE har vidare lagt vekt på at utbygginga som omsøkt vil gje ei betre utnytting av ressursane i eit frå før utbygd vassdrag gjennom auka regulerbar kraftproduksjon. Ei større reguleringshøgde vil gje ei produksjonsauke i det eksisterande Skjerka kraftverk på om lag 43 GWh.

 Nåvatn-dammane skal rivast fordi dei mistar sin funksjon ved ei auka reguleringshøgde i Skjerkevatn. Dammane er sjeldne fleirbuedammar og har kulturhistorisk verdi. NVE føreset at dammanes kulturhistoriske verdi dokumenterast for ettertida.

 NVE vurderer utbygginga, med dei fastsette vilkåra, til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Kontaktpersonar :
Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf 22 95 92 90
Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 41 67 82 03

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye