Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Ljøen kraftverk

Del
NVE seier nei til bygging av Ljøen kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal. NVE meinar fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulempar som blir påført ålmenne interesser.

Småkraft AS har søkt om løyve til å byggje Ljøen kraftverk i Ljøelva. Kraftverket er planlagd med ei installert effekt på 2,3 MW, og ein årleg produksjon på om lag 8,3 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 415 husstandar.

Utbyggingsområdet er del av eit fjordlandskap av internasjonal verdi som har stor betyding for reiseliv. Ei utbygging som omsøkt vil etter NVE si meining ha store negative konsekvensar for landskapsverdiane og kan bidra til å svekkje regionen sin eigenart.

NVE meinar at dei negative verknadane av Ljøen kraftverk  er større enn nytta ved auka kraftproduksjon og andre positive effektar av ei utbygging. Vi vurderar at ei utbygging ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Ljøen kraftverk.

Meir om saka på www.nve.no/konsesjonsnyheter

For meir informasjon kontakt:
Seniorrådgjevar Gry Berg, tlf. 22 95 92 20
Avdelingsingeniør Vegard Hotvedt Strømsvåg, tlf. 22 95 94 85

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye