Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Fjelldalselva kraftverk

Del
NVE gjev Norsk Grønnkraft AS løyve til å bygge Fjelldalselva kraftverk i Brønnøy kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til 275 husstandar.

Kraftverket er planlagt med installert effekt på 1,5 MW. Utbygginga vil nytte eit fall på 93 meter og vil føre til at ei elvestrekning på om lag 800 meter får redusert vassføring. Det vil òg bli noko vegbygging.

På utbyggingsstrekninga finst den prioriterte naturtypen bekkekløft og den raudlista arten gubbeskjegg er registrert. Nedre del av Fjelldalselva har gode gyte- og oppveksttilhøve for laks og sjøaure. Størsteparten av denne strekninga ligg nedstraums utbyggingsområdet.

NVE legg vekt på at tiltaket vil gje ny fornybar energi. Utbygginga vil føre til nokre negative verknader for anadrom fisk, naturtypar og landskap. Av omsyn til vasstilknytta organismar og anna biologisk mangfald på utbyggingsstrekninga har NVE fastsett ei minstevassføring på 95 l/s i perioden 1. mai - 30. september og 87 l/s resten av året. Det er òg krav om installasjon av automatisk forbisleppingsventil.

Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.

http://www.nve.no/no/Konsesjoner/Konsesjonssaker/Vannkraft/?soknad=5327&stadium=&type=11

Kontaktpersonar:
Seniorrådgjevar Gry Berg, tlf. 22 95 92 20
Avdelingsingeniør Kirsten Marthinsen, tlf. 22 95 92 34

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye