Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til bygging av Tyttebærelva kraftverk

Del
NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Tyttebærelva kraftverk i Lyngen kommune i Troms. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 5,45 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 270 husstandar.

Småkraft AS har søkt om løyve til å bygge Tyttebærelva kraftverk i Tyttebærelva i Troms. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 1,7 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 5,45 GWh.

Området for kraftverksutbygginga ligg ved Kjosen ved Lyngseidet. Det er ikkje påvist raudlista artar eller verdifulle naturtyper knytt til elva. Dei største konsekvensane av utbygjinga er knytt til flyttlei for rein og reindrift. NVE meiner at flytting av inntak noe lengre ned i vassdraget, tilstrekkeleg vassføring heile året og god planlegging og oppfølging av anlegg i byggetida vil ivareta reindriftsinteressene, biologisk mangfald, friluftsinteressar og omsyn til landskap.

Av omsyn til fuktkrevjande artar langs vassdraget, landskap og friluftsliv er det sett krav om at det skal vere ei minstevassføring i elva på 400 l/s nedanfor inntaket i perioden 01.05 – 30.09 og 60 l/s resten av året.

NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Tyttebærelva kraftverk på fastsette vilkår.

Meir om saka på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Overingeniør Frank Jørgensen, 22 96 94 31

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye