Løyve til Ytre Oppedal kraftverk
14.4.2011 10:00:13 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 6,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 320 husstandar.
Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 2,4 MW og vil nytte ei fallhøgd på om lag 190 meter, frå inntak på kote 300 og ned til kraftstasjon på kote 110. Vatnet skal førast i nedgravd røyr frå inntaket til kraftstasjonen.
Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for landskap og friluftsliv. NVE meiner likevel det vil vere mogeleg å bøte på ein del av dei negative verknadene ved slepp av minstevassføring heile året og tilpassing av røyrgatetrasé.
Minstevassføringa vil vere særskild viktig om sommaren når bruken av området er størst.
Røyrgata vil for det meste følgje allereie opparbeida sti. Dette er etter NVE sitt syn den beste løysinga da terrenget stadvis er svært sidebratt. Frå stien og mot kraftstasjonen vil røyrgata leggjast i kommunal veg. Etter anleggsperioden vil stien bli tilbakeført og forsterka til ein køyresterk trasé.
NVE vurderar nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for private og allmenne interesser og gjev difor løyve til bygging av Ytre Oppedal kraftverk på fastsette vilkår.
Kontaktpersonar:
Ivar Sægrov, Seksjon for miljøtilsyn, Region vest tlf: 22 95 36 72
Oddvar Indrebø, Seksjon for damsikkerhet, Region vest tlf: 22 95 36 69
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Folkemøter om Alta kraftverk27.1.2026 13:59:03 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har mottatt en søknad fra Statkraft Energi AS om tillatelse til å installere et tredje aggregat i Alta kraftverk. Saken er nå på offentlig høring.
NVE avslår søknaden om konsesjon til Davvi vindkraftverk20.1.2026 12:25:41 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat avslår søknaden fra Grenselandet AS om å bygge Davvi vindkraftverk i Lebesby kommune i Finnmark. Søknaden avslås fordi prosjektet er plassert midt i et av Norges aller største villmarksområder. Området har også en særlig verdi for samisk kultur og tradisjonell bruk.
NVE gjev BKK løyve til ny kraftleidning i Gulen16.1.2026 12:26:55 CET | Pressemelding
Nettselskapet BKK får konsesjon til å bygge ein ny kraftleidning og transformatorstasjon i Gulen kommune i Vestland fylke. Samstundes gjev NVE løyve til SkiGa AS for å etablere eigen transformatorstasjon og nettilknyting til Skipavika Næringspark.
NVE gir tillatelse til å bygge ny transformatorstasjon i Vennesla6.1.2026 12:31:23 CET | Pressemelding
Statnett og Glitre Nett får konsesjon til å bygge nye Stemmen transformatorstasjon i Støleheia, som ligger i Vennesla kommune i Agder. Stasjonen vil øke tilgangen på strøm i Agder-regionen og dekke forbruksplanene til datasentervirksomhet på Støleheia.
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
