NVE gjev løyve til Grønlielva kraftverk
Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 2,2 MW. Utbygginga vil nytte eit fall på 166 meter og vil føre til at ei elvestrekning på omlag 1500 meter vil få redusert vassføring.
På utbyggingsstrekninga er det ikkje registrert andre raudlisteartar enn oter (VU).
Røyrelva har gyte- og oppvekstområde for anadrom laksefisk. Av omsyn til anadrom laksefisk og andre vasstilknytta organismar har NVE fastsett ei minstevassføring på 260 l/s i perioden 1.5-30.9 og 120 l/s resten av året. Dette vil og ta omsyn til anna biologisk mangfald på utbyggingsstrekninga.
Med ein utbygging etter alternativ B, som gjev ei redusert fallhøgd, redusert slukeevne, krav om minstevassføring og installasjon av automatisk forbisleppingsventil meiner NVE tiltaket er akseptabelt for anadrom laksefisk.
Etter NVEs syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.
Les meir om løyvet til Grønlielva kraftverk på www.nve.no
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 22 95 93 89
Overingeniør Eirik Bjørkhaug, tlf 22 95 98 31
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
