Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til auka slukeevne i Kinso kraftverk i Kinsovassdraget

9.12.2010 09:00:05 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del
NVE gjev løyve til å auke maksimal slukeevne i Kinso kraftverk, Ullensvang herad i Hordaland frå 2,25 m3/s til 4,3 m3/s. Med auka slukeevne vil årleg produksjon bli nær dobla til i underkant av 23 GWh.

Kinso kraftverk, som har vore i drift sidan 1915, utnyttar eit 110 m høgt fall i Tveitafossen. Auka maksimal driftsvassføring vil gje liten verknad for sommarvassføringa i fossen, men noko meir for vassføringa i vinterhalvåret.

Av omsyn til dei store landskaps- og friluftsinteressene i Husedalen og omrkring Tveitafossen er løyvet gjeve m.a. på vilkår av at det vert sleppt ei minstevassføring på 10 m3 /s forbi inntaksdammen i perioden 1. juni – 30.september og 0,5 m3 /s resten av året. NVE vurderer auka slukeevne saman med avbøtande tiltak som akseptabel i høve til verneinteressene i vassdraget og andre allmenne interesser.

For nærmare informasjon kontakt:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Senioringeniør Magne G. Verlo, 57 83 36 70 / 950 80 350

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye