NVE gjev løyve til Dyrkolbotn kraftverk
Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på omlag 2,7 MW. Utbygginga vil nytte eit fall på 132 meter og vil føre til at ei elvestrekning på rundt 800 meter vil få redusert vassføring. Deler av strekninga er i dag nytta til kraftproduksjon i Kjeldebekken minikraftverk.
Det er ikkje registrert viktige naturtypar i tiltaksområdet og det er ikkje funne raudlisteartar anna enn at det er noko usikkerheit om førekomst av ål.
Av omsyn til landskap og vasstilknytta organismar har NVE fastsett ei minstevassføring på 130 liter i sekundet i perioden 1. mai -30. september og 50 liter i sekundet resten av året. For den delen av vassdraget som i dag er nytta til kraftproduksjon i Kjeldebekken kraftverk har NVE fastsett ei minstevassføring på 50 liter i sekundet heile året. Botnaelva har gyte- og oppvekstområde for sjøaure, og kraftstasjonen er flytta for å redusere konflikt med denne arten, samt at det er sett krav om installasjon av automatisk forbisleppingsventil.
Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.
Les meir om løyvet til Dyrkolbotn kraftverk på www.nve.no
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Overingeniør Eirik Bjørkhaug, tlf 22 95 98 31
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
