Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til bygging av Valken kraftverk

Del
NVE har gjeve Saksenvik kraft AS løyve til å byggje Valken kraftverk i Saltdal kommune i Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 26 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 1300 husstandar.

Kraftverket vil utnytte ei fallhøgd på 210 m og endre naturleg vassføring på ei rundt 2300 m lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel mellom inntak og kraftstasjon. Den verdifulle naturtypa bekkekløft er registrert på elvestrekninga som blir fraført vatn, men det er ikkje påvist raudlista artar knytt til elva.

Utbygging vil medføre nokre negative verknadar  for miljø-, landskaps- og friluftsverdiar. NVE meinar imidlertid at med tilstrekkjeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggjetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderar at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene, og gjev difor løyve til Valken kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Valken Kraftverk

Kontaktpersonar
Seniorrådgiver Gry Berg, tlf. 22 95 92 20
Avdelingsingeniør Vegard Hotvedt Strømsvåg, tlf. 22 95 94 85

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye