Løyve til Kvitvella Electrisitetsverk
Valdres Energiverk AS har søkt om løyve til å bygge Kvitvella Electrisitsverk i Kvitvellafossen i Neselva i Fagernes sentrum. Neselva er del av Øystre Slidrevaasdraget. Kraftverket vil få ei installert effekt på 1,4 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 4,3 GWh.
Kvitvellafossen har tidlegare vore nytta til kraftproduksjon, og i den forbindelse er det allereie etablert ein dam/terskel i den øvste strykstrekninga. Inntaket til kraftverket vert i denne dammen.
Tiltaksområdet ligg i Fagernes sentrum, og er såleis omgjeve av vegar og bygningar. Fossen er eit viktig element i landskapet og har stor inntrykksstyrke ved høge vassføringar. Det er ikkje påvist verdfulle vegetasjons- eller naturtypar innanfor tiltaksområdet. Det er heller ikkje funne raudlista artar som er knytt til elvestrengen eller inntaksområdet. Området frå fossen og ned til utløpet i Strondafjorden er gyte- og oppvekstområde for aure, og fossekall held til langs elva om vinteren og hekkar i tilknytting til fossen.
Det er tidlegare fastsett ei minstevassføring ved Rudi bru lenger opp i elva på 3 m3 /s i perioden 1.5 — 30.9 og 1 m3 /s resten av året, mellom anna av omsyn til fisk og fiske. NVE meiner difor at krav til minstevassføring ikkje kan være lågare enn dette. Perioden med høg minstevassføring er i tillegg utvida til ut oktober av omsyn til gytetilhøva.
NVE meiner at med dei fastsette vilkåra er fordelane større enn skadane og ulempene for allmenne interesser ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Kvitvella Electrisitetsverk.
Meir om Kvitvella:
http://www.nve.no/no/Konsesjoner/Konsesjonssaker/Vannkraft/?soknad=5324&stadium=&type=11
Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
Isforholdene i forkant av juleferien 2025 – Store variasjoner og stor fare for å gå gjennom isen i lavlandet i Sør-Norge19.12.2025 11:27:29 CET | Pressemelding
NVE Isvarslingen på Varsom.no melder at mange vann under 600-900 moh i Sør-Norge har kritisk svekket is. Det er stor fare for å gå igjennom isen, spesielt langs land og ved innløp, utløp og i trange sund. Årsaken er langvarig mildvær.
RME fatter vedtak i Freyr-saken19.12.2025 09:21:01 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) har fattet vedtak om at Statnett kunne oppheve reservasjonen av kapasitet i transmisjonsnettet med virkning for Freyr Battery Norway AS.
NVE anbefaler konsesjon til Mauranger 2 og nye miljøkrav i Maurangervassdraga18.12.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
NVE anbefaler at Statkraft får konsesjon til å bygge Mauranger 2 kraftverk med to nye pumper og fleire nye vassoverføringar. Utvidinga vil gi betydeleg auke i effekt og dermed bidra til meir fleksibilitet i kraftsystemet. NVE anbefaler også nye miljøkrav for heile reguleringa.
Ny rapport med forslag om hvordan sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen kan styrkes18.12.2025 09:41:34 CET | Pressemelding
På oppdrag fra NVE og Statnett, har FFI utarbeidet rapporten «Styrket sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen – tiltak og prioriteringer». Rapporten gir et viktig grunnlag for videre arbeid med økt sikkerhet i norsk kraftforsyning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
