Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til fjernevarmeanlegg i Florø sentrum

Del
NVE gjer SFE Produksjon AS løyve til å bygge og drive eit fjernvarmeanlegg i Florø sentrum i Flora kommune, Sogn og Fjordane.

 

Anlegget byggast med to energisentralar, og vil kunne levere både fjernvarme og kjøling. Grunnlasta i anlegget er basert på varmepumper, og det vil bli nytta elektrisitet som spiss- og reservelast. Den eine energisentralen er planlagd plassert i ein eksisterande lagerhall i SFE sitt administrasjonsbygg på Hestneset. Den andre energisentralen er planlagt plassert i den eksisterande energisentralen ved Flora vidaregåande skule. Energisentralene vil ha ein samla installert effekt på inntil 7,3 MW. Det tillatne konsesjonsområdet avgrensast av sjøen i nord og nordvest, og av eit smalt sund mot Brandsøy i aust. Den sørlege grensa går mellom Klubbevika i vest og Austvika i aust.

Etter NVEs vurdering er fordelane ved anlegget overvegande i forhold til ulempene. Anlegget er vurdert til å ha akseptable miljøverknader og å være samfunnsøkonomisk lønsamt. Tiltaket vil også bidra til å oppfylle målsettinga til regjeringa om å auke bruken av vassboren varme basert på fornybare energikjelder.

Meir informasjon om saka på www.nve.no/konsesjonsnyheter

For meir informasjon, kontakt:
Prosjektleiar fjernvarme Jørgen Kocbach Bølling, tlf 22 95 98 54 .

Avdelingsingeniør  Tale Helen Seldal, tlf 22 95 94 51.

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye