NVE tilrår ny kraftleidning mellom Mongstad og Kollsnes og nye kablar frå Kollsnes til Troll A-plattformen
31.1.2011 09:00:12 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
- Kraftleidningen frå Mongstad til Kollsnes vil auke forsyningstryggleiken til Bergensområdet og Kollsnes, uttalar Vassdrags- og energidirektør Agnar Aas
Den nye kraftleidningen går frå Mongstad transformatorstasjon i Lindås kommune til Kollsnes transformatorstasjon i Øygarden kommune. Kraftleidningen er om lag 35 km lang og får verknader for Øygarden, Radøy, Austrheim og Lindås kommunar i Hordaland.
Traseen inneber om lag 15 km kabel og 20 km luftleidning. Dei nye kablane frå Kollsnes til Troll får verknader for Øygarden kommune.
Viktig for forsyningstryggleiken
Kraftleidningen mellom Mongstad og Kollsnes vil vere viktig for etableringa av ein robust kraftforsyning til Bergen og til Kollsnes. Den er planlagd som første ledd i etableringa av ein 300 (420) kV ringforbindelse frå Modalen til Kollsnes, noko som vil kunne gi ei ytterligare betring av forsyningstryggleiken til Bergensområdet, seier Agnar Aas.
Den vil i tillegg ha ein viktig funksjon for å tryggje forsyninga både til den landbaserte og den offshorebaserte olje- og gassindustrien på Mongstad og Kollsnes. Leidningen vil saman med dei nye kablane til Statoil sikre tilstrekkelig kapasitet til framtidig kraftforbruk på Troll A. Leidningen legger samstundes til rette for ein langsiktig overgang til 420 kV spenningsnivå i regionen.
Miljøverknader
Kraftleidninga vil vere synleg frå mange område, og spesielt i det ope landskapet i Austrheim. Den vil gå gjennom område med raudlista fugleartar og område med stor verdi for friluftsliv og kulturmiljø. Andre delar av traseen går i industriprega område, som på Kollsnes og Mongstad. NVE meiner likevel at konsesjonsprosessen har medverka til at det er funne ein trasé som mellom anna reduserer dei visuelle verknadane.
NVE konstaterer òg at BKK Nett vil nytte lågare master enn normalt for at kraftleidningen skal verte mindre synleg frå avstand. Den tilrådde traseen inneber lengre sjøkabel enn det som er teknisk naudsynt ved kryssinga av Hjeltefjorden.
Den nordlige delen av Øygarden er smal, og ein luftleidning ville ha kome nær eksisterande busetnad og bandlagt uforholdsmessig stort areal, som mellom anna vert nytta til friluftsliv og som egner seg best til bygging av bustader, forretningsområde, skule og oppvekstsenter.
NVE tilrår at det vert sett vilkår om skånsam skogrydding, matta liner og en miljø-, transport og anleggsplan, der det mellom anna skal vurderast alternative mastetypar og komponentar, tilpassing av anleggsperioden av omsyn til fugl og korleis omsynet til mellom anna grunneigarar, kulturminne og naturmangfald skal takast hand om.
Kontaktpersonar
Vassdrags- og energidirektør Agnar Aas, mobil 951 79 164
Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 416 78 203
Seksjonssjef Tormod Eggan, mobil 915 25 034
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Oransje varsel om flomfare på deler av Østlandet23.10.2026 16:49:45 CEST | Pressemelding
Ekstremværet Boelo er på vei fra Storbritannia mot sørlige deler av Norge. Mye regn er ventet i deler av Telemark, Buskerud, Vestfold og vest for Oslo natt til søndag 25. oktober. NVE varsler fare for flom på oransje nivå. Jordskredfare er på gult nivå.
NVE gir konsesjon til det første nye vindkraftverket på 9 år21.10.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Eviny og Norsk Vind tillatelse til å bygge Moldalsknuten vindkraftverk i Rogaland. Dette er den første konsesjonen til et nytt vindkraftverk, etter flere års stans i vindkraftbehandlingen. Prosjektet er planlagt i et område med gruvedrift og eksisterende vindkraft.
Area Nett får bygge kraftledning mellom Skaidi og Smørfjord i Finnmark21.10.2026 08:31:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Area Nett tillatelse til å bygge en kraftledning på 132 kilovolt mellom Skaidi og Smørfjord. Area Nett har også fått tillatelse til å utvide Smørfjord transformatorstasjon, og å rive deler av dagens ledning mellom Smørfjord og Lakselv.
NVE publiserer oppdaterte energikostnader for ulike typer kraftproduksjon19.10.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat legger fram nye beregninger av hva det kan koste å produsere kraft med ulike teknologier i Norge. Det er fortsatt vannkraft og vindkraft på land som har de laveste energikostnadene, mens havvind og kjernekraft er blant de som koster mest. Kostnadene øker for de fleste teknologier, med unntak av solkraft.
Flere store vannkraftsaker fører til strengere prioritering av vilkårsrevisjoner16.10.2026 10:15:29 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) behandler i dag flere store og komplekse vannkraftsaker enn på lenge. For å sikre fremdrift i prosjekter som kan gi stor nytte for kraftsystemet og samfunnet, gjør NVE nå en tydeligere prioritering på vilkårsrevisjoner.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
