Løyve til Voldsetelva kraftverk
Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 140 meter i Voldsetelva og endre naturleg vassføring på ein om lag 2500 lang elvestrekning. Røyrgata skal gravast ned på heile strekninga, i all hovudsak langs eksisterande skogsveg. Det vert behov for å byggje ein 20 meter lang veg til kraftstasjonsområdet, i tillegg til om lag 80 meter ny veg til inntaka i Rørtjønnelva og Nesvasselva.
Det er ikkje påvist raudlista artar i prosjektområdet. Det er heller ikkje særlege landskaps- eller friluftsinteresser knytt til området man ventar kan bli påverka av utbygginga. NVE meiner difor at avbøtande tiltak som slepp av minstevassføring, varsam utbygging og montering av omløpsventil av omsyn til fisk, vil halde utbygginga på eit akseptabelt nivå.
NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser og gjev difor løyve til Voldsetelva kraftverk på fastsette vilkår.
Meir om Voldsetelva kraftverk:
http://www.nve.no/no/Konsesjoner/Konsesjonssaker/Vannkraft/?soknad=5184&stadium=&type=11
Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Sakshandsamar Eirik Bjerke Thorsen, tlf. 22 95 93 80
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
