Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Hopland kraftverk

Del
NVE har gjeve Hopland Kraft AS løyve til å byggje Hopland kraftverk i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 17 GWh, noko som svarer til den årlege straumbruken til rundt 850 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på omlag 343 meter i Randaelva og Hoplandselva og vil føre til at ei elvestrekning på ca. 3 kilometer vil få redusert vassføring. Driftsvassvegen vil bli rundt 2910 meter lang. Røyrgatetraséen skal gravast ned. Det er gjeve løyve til å bygge ein 300 meter lang veg til i inntaket i Hoplandselva, ein 30 meter lang veg til inntaket i Randaelva og ein 100 meter lang veg frem til kraftstasjonen.

Av omsyn til kulturminne og kulturmiljø er kraftstasjonen flytta ovanfor Randabygd kyrkje. Naturtypen ”viktige bekkedrag” er påvist. Av omsyn til biologisk mangfald og landskap har NVE fastsett ei minstevassføring frå inntaka på til saman 280 liter i sekundet i perioden 1. mai til 30. september, og 50 liter i sekundet resten av året.

NVE vurderer utbygginga med fastsett minstevassføring, og krav om flytting av kraftstasjon til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Les meir om løyvet til Hopland kraft på www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/901 98 216
Avdelingsingeniør Ellen Lian Halten, tlf. 72 89 65 64

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye