Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tilrår løyve til Nye Verma kraftverk

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet å gje Rauma Energi AS løyve til å bygge Nye Verma kraftverk i Rauma kommune, Møre og Romsdal. Med dei avbøtande tiltaka som er tilrådd vil kraftverket gje ein produksjonsauke i Verma kraftverk på om lag 45 GWh, noko som gir ein årleg produksjon på 114 GWh. Det svarar til straumbruken til om lag 5700 husstandar.

 

Verma kraftverk ligg i Vermåa i Raumavassdraget. Vasstanden i eksisterande inntaksmagasin er søkt heva med 7,5 meter. Det er og planlagt å bygge eit nytt kraftverk med utløp ved samløpet mellom Vermåa og Rauma, om lag 300 meter nedstrøms eksisterande kraftverk. Både vassveien og kraftstasjonen er planlagt i fjell.

Fordelane med tiltaket er i hovudsak knytte til betre utnytting av eksisterande kraftanlegg. Ein utviding av Verma kraftstasjon som omsøkt, vil årleg gje om lag 50 GWh fornybar energi. I tillegg vil ei auke av volumet i inntaksmagasinet kunne løyse dagens problem med is i inntaksområdet. Hovudargumenta mot ein utbygging er i hovudsak knytte til verneverdiane i og rundt vassdraget. Ei utbygging som omsøkt griper inn i eit vassdrag verna i Verneplan for vassdrag og eit naturreservat verna etter naturvernloven. I tillegg er hovudvassdraget Rauma eit nasjonalt laksevassdrag med betydelege fiskeinteresser.

Det er sett på fleire moglege alternativ for å bevare verneverdiane i størst mogeleg grad. Ved å redusere den omsøkte høgda på inntaksdammen ned til 5 meter samtidig som det påleggast slipp av minstevassføring i Vermefossen, meiner NVE å ha funnet ei løysning som samla sett gjer eit godt resultat. NVE kan ikkje sjå at tiltaket vil redusere verneverdiane i vassdraget i vesenlig grad, slik at omsynet til verneverdiane er ivaretatt.

Med avbøtande tiltak og vilkår som foreslått meiner NVE at ulempene som følgje av tiltaket er akseptabel i høve til nytten av auka kraftproduksjon. NVE anbefalar difor at det vert gjeve løyve til bygging av Nye Verma kraftverk. Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om Nye Verma kraftverk på http://www.nve.no/Konsesjonssaker

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf. 22 95 92 90
Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 416 78 203

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye