Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Eide kraftverk

Del
NVE seier nei til bygging av Eide kraftverk i Eidselva i Fusa kommune i Hordaland. Kraftverket var planlagd med ein installert effekt på 1,3 MW og ein berekna årleg produksjon på omlag 5,0 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 250 husstandar.

Eidselva er ei viktig gyte- og oppvekstelv for storaure frå Gjønavatnet og Skogseidvatnet i Sævareidvassdraget. Storaurestammen i vassdraget er av fleire offentlege instansar vurdert som nasjonalt viktig. Fylkesmannen i Hordaland har utarbeida ei forskrift med sikte på å ivareta viktige gyteelvar i vassdraget. Eidselva er ein av desse. Det er og registrert ål i vassdraget (kritisk truga).

Bygging av Eide kraftverk vil, etter NVEs syn, ha negative konsekvensar for rekruttering og overleving for storaurebestanden i Sævareidvassdraget og kan difor ikkje gjennomførast. NVE har difor avslått søknaden.

Les meir om avslaget til Eide kraftverk på www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Overingeniør Eirik Bjørkhaug, tlf. 22 95 98 31

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye