Løyve til bygging av Kvamselva kraftverk
Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 2,4 MW.
Kraftverket vil nytte ei fallhøgd på 244 meter og endre naturleg vassføring på ei omlag 1200 meter lang elvestrekning. Vassvegen skal gravast ned i grøft. Den verdifulle naturtypen bekkekløft er registrert på utbyggingsstrekninga, men det er ikkje påvist raudlista artar knytt til elva. Anadrom fisk vandrar opp i Kvamselva til ca. kote 21. Det er elles knytt friluftsinteresser til området.
NVE vurderar at dei negative verknadene av ei utbygging vert redusert med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, tilpassing av inntaket av omsyn til friluftsinteressene, flytting av kraftstasjon opp til vandringshinder for anadrom fisk og installasjon av omlaupsventil.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ein auke av fornybar energiproduksjon på 8,5 GWh/år er større enn skadar og ulemper for ålmenne interesser. NVE gjev derfor løyve til bygging av Kvamselva kraftverk på fastsette vilkår.
For meir informasjon kontakt
:
Seniorrådgjevar Gry Berg, tlf 22 95 92 20
Overingeniør Sigrun B. Rawcliffe, tlf 22 95 93 16
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
